Guida el-sykkelturar

Dato: Måndag 3 aug 2020 - onsdag 30 sep 2020

Gjennom heile sommaren kan du bli med på guida heil- og halvdagstur på el-sykkel. Kjenn krafta frå el-sykkelen og nyt naturen med gode vener og familie!

Fleire og fleire har fått auga opp for gleda el-sykkelen gjev – særleg i motbakkar! Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett. El-sykkelen gjev deg rett og slett kjensla av superkrefter og du kan sykla både lenger og fortare enn på ein vanleg sykkel.

I sommar kan du også oppleva dette på ein guida el-sykkeltur i Myrkdalen! Me tilbyr halv- og heildagsturar på grusvegane rundt Myrkdalen og på Vikafjellet. Begge områda byr på nydeleg utsikt og fine naturopplevingar.

GUIDA EL-SYKKELTUR - HALV DAG
Bli med ein lokalkjend guide på tur i Myrkdalen. Turane startar frå Myrkdalen Hotel og det er fleire alternative ruter på grusvegane i området. Lengd på turane blir tilpassa kvar gruppe og gode pausar blir lagt inn etter behov. Me syklar forbi fleire ulike vassdrag og tjern som byr på forfriskande bad på varme sommardagar.

Tidspunkt: På bestilling kvar dag frå 15. juni - 30. september frå kl 10.00 - 13.00 og kl. 14.00 - 17.00
Pris: 500 kr per person
Passar for alle - turane blir tilpassa kvar gruppe etter behov.
Anbefalt nedre aldersgrense: 13 år

GUIDA EL-SYKKELTUR - HEIL DAG
Bli med ein lokalkjend guide på dagstur i høgfjellsterrenget på Vikafjellet som byr på fleire utraffikerte grusvegar som slynger seg gjennom den vakre naturen. Lengd på turane blir tilpassa kvar gruppe og gode pausar blir lagt inn etter behov. Me syklar forbi fleire ulike vassdrag og tjern som byr på forfriskande bad på varme sommardagar.

Tidspunkt: På bestilling kvar dag frå 15. juni - 30. september frå kl 10.00 - 16.00
Pris: 800 kr per person
Passar for alle - turane blir tilpassa kvar gruppe etter behov.
Anbefalt nedre aldersgrense: 13 år
Oppmøte på Myrkdalen Hotel

LEIGE AV SYKKEL
Merk at prisane ikkje inkluderer leige av sykkel. Dersom du ikkje har eigen el-sykkel kan du leiga dette hjå Myrkdalen Sport & Utleige.

UTSTYR
Joggesko og hjelm, samt behagelege klede å sykla i

Ta med sekk med:
- vind og vasstett jakke
- varme klede
- mat og drikke for dagen
- badeklede og handkle (dersom ein ynskjer å bada)

Vis meir

Bestill no

Velg startdato:
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten

  • Prisinformasjon
    Heil dag: 800,- Halv dag: 500,- NB: Leige av sykkel er ikkje inkludert i pris.
Build: 14.08.2020 11:08:44, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails