Guida el-sykkeltur - Heil dag

Dato: Måndag 27 jul 2020 - onsdag 30 sep 2020

Bli med ein lokalkjend guide på dagstur i høgfjellsterrenget på Vikafjellet som byr på fleire utraffikerte grusvegar som slynger seg gjennom den vakre naturen

Lengd på turane blir tilpassa kvar gruppe og gode pausar blir lagt inn etter behov. Me syklar forbi fleire ulike vassdrag og tjern som byr på forfriskande bad på varme sommardagar.

Tidspunkt: På bestilling kvar dag frå 15. juni - 30. september frå kl 10.00 - 16.00
Pris: 800 kr per person
Passar for alle - turane blir tilpassa kvar gruppe etter behov.
Anbefalt nedre aldersgrense: 13 år
Oppmøte på Myrkdalen Hotel

LEIGE AV SYKKEL
Merk at prisane ikkje inkluderer leige av sykkel. Dersom du ikkje har eigen el-sykkel kan du leiga dette hjå Myrkdalen Sport & Utleige.

UTSTYR
Joggesko og hjelm, samt behagelege klede å sykla i.

Ta med sekk med:
- vind og vasstett jakke
- varme klede
- mat og drikke for dagen
- badeklede og handkle (dersom ein ynskjer å bada)

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:
Build: 13.07.2020 11:33:22, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails