Guida el-sykkeltur - Halv dag

Dato: Måndag 15 jun 2020 - onsdag 30 sep 2020

Bli med ein lokalkjend guide på tur i Myrkdalen. Turane startar frå Myrkdalen Hotel og det er fleire alternative ruter på grusvegane i området. Området rundt Myrkdalen byr på nydeleg utsikt og fine naturopplevingar.

Lengd på turane blir tilpassa kvar gruppe og gode pausar blir lagt inn etter behov. Me syklar forbi fleire ulike vassdrag og tjern som byr på forfriskande bad på varme sommardagar.

Tidspunkt: På bestilling kvar dag frå 15. juni - 30. september frå kl 10.00 - 13.00 og kl. 14.00 - 17.00
Pris: 500 kr per person
Passar for alle - turane blir tilpassa kvar gruppe etter behov.
Anbefalt nedre aldersgrense: 13 år

LEIGE AV SYKKEL
Merk at prisane ikkje inkluderer leige av sykkel. Dersom du ikkje har eigen el-sykkel kan du leiga dette hjå Myrkdalen Sport & Utleige.

UTSTYR
Joggesko og hjelm, samt behagelege klede å sykla i

Ta med sekk med:
- vind og vasstett jakke
- varme klede
- mat og drikke for dagen
- badeklede og handkle (dersom ein ynskjer å bada)

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:
Build: 25.03.2020 14:04:34, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails