Glacier tour - Fjord og Bretur frå Voss

Address: Evangervegen 4, 5704 Voss Dato: Onsdag 1 jul 2020 - tysdag 15 sep 2020 Vis kart

Address: Evangervegen 4, 5704 Voss

På denne fantastiske turen kjem attraksjonane som perler på ein snor. Så hold kameraet klart. Nyt eit vakkert cruise på Fjærlandsfjorden, sjå den storslåtte Jostedalsbreen, opplev fantastiske Tvindefossen

Sesong: 1. juli 2020 - 15. september 2020

Turen startar med minibuss frå Voss busstasjon. Turen tek mot Vik over Vikafjellet, høgt oppe i fjella og gjennom fantastiske landskap. På desse høgdene kan det vere snø nær vegen, sjølv om sumaren.

På turen ned frå VIkafjellet til Vik, stoppar bussen på utsiktspunktet "Storesvingen". Utsiktspunktet tilbyr storslått natur over Vik og Sognefjorden, og ypperlege fotomoglegheiter.

Tettstaden Vik har ein rik kulturarv. Hovudattraksjonen i Vik er den rikt dekorerte Hopperstad stavkyrkje. Hopperstad blei bygd i 1130 og er saman med Urnes den eldste stavkyrkja som framleis eksisterer. Det er satt av 30 minutt til å oppleve kyrkja.

Frå Vik held turen fram med båt til Fjærland. På dette lille fjordcruiset kan du glede deg over godbiter, snacks og drikke medan du opplev den spektakulære Fjærlandsfjorden.

Ved ankomst Fjærland held turen fram til Norsk Bremuseum. Norsk Bremuseum er eit interaktivt museum som tilbyr noko for heile familien, gjennom sin måte å dele kunnskap om isbreer og klima på nye innovative måter.

Frå Norsk Bremuseum held turen fram med buss opp til Bøyabreen isbre - ein gren av Jostedalsbreen. Her har vi via litt ekstra tid til å ta bilete og ikkje minst oppleve på nært hald korleis breen trykk seg inn i landskapet.

Bussen går deretter tilbake til Fjærland kai, og vidare til Vik. Frå Vik held turen fram til den spektakulære Tvindefossen. Fossen er 110 meter høg og veldig populær blant turistar. Det er mange myter knytta til Tvindefossen. Ein av disse er at fossen er ein ungdomskjelde.

Pris
Voksne NOK 1.590,-
Barn NOK 995,-

Avreise 09.00 frå Voss stasjon (busshaldeplassen)
Tilbake til Voss stasjon klokka 19.20

Bestill billettar her!

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
2 Jul
Torsdag 2 jul 2020 09:00 - 19:19
3 Jul
Fredag 3 jul 2020 09:00 - 19:19
4 Jul
Laurdag 4 jul 2020 09:00 - 19:19
5 Jul
Søndag 5 jul 2020 09:00 - 19:19

Om denne aktiviteten

Build: 30.06.2020 14:41:02, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails