Fjelltur i Sendedalen på Vikafjellet

Dato: Onsdag 1 jul 2020 - måndag 31 aug 2020

Bli med oss på familievenleg fjelltur i grønt og frodig landskap i Sendedalen! Vikafjellet er inngangsporten til Stølsheimen, fjellområdet som strekk seg mellom Sognefjorden, Vossafjella og Masfjordfjella.

Me startar med å køyra 10-15 minutt frå Myrkdalen Hotel til starten på Sendedalen. Køyreturen i seg sjølv er nydeleg - fyrst innover Kvassdalen, ein klassisk og frodig u-dal som vart forma av isbreen for tusenvis av år sidan. Frå Kvassdalen slyngjer vegen seg bratt oppover ved sida av den 90 meter høge og spektakulære Sendefossen. Vel oppe ved Vetlavatnet på ca 900 moh startar turen.

Herfrå går me på ein god sti i kupert terreng - perfekt for små barneføter. Stien går på grus, stein og svaberg, med nokre bekkekryssingar undervegs. Etter ca to kilometer, set me opp leir på vestsida av Lars-Olavatnet og har ulike naturaktivitetar med borna. Her et me lunsj og guiden lagar varm drikke på primusen. Vatnet byr på forfriskande bad på varme sommardagar - så hugs å ta med bade- og handklede på turen! Returen går same veg.

PASSAR FOR
Barnefamiliar. Dette er også ein fin tur å gå med bæremeis, dersom dei minste borna ikkje klarar å gå heile stien sjølv.

FAKTA
Lengde på turen: 4 km tur/retur
Tidspunkt: Kl. 10.00 - 14.00
På bestilling: Kvar dag frå 1. juli - 30. september
Oppmøte: Myrkdalen Hotel

TA MED
- Mat og drikke for dagen
- Vass, vindtette og varme klede.
- Badeklede for dei som ynskjer

TRANSPORT
Transport er ikkje inkludert i prisen. Ein må køyra eigen bil til starten på Sendedalen.
Har du ikkje eigen bil? Ta kontakt med oss på [email protected]

PRISAR
Kr. 600 for vaksne
Kr. 300 for born 7 - 17 år
Born 0 - 6 år er gratis

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:
Build: 26.05.2020 16:55:36, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails