Fosserappellering - Voss Active

Address: Vossastrandvegen , 5713 Vossastrand Dato: Måndag 15 jun 2020 - søndag 11 okt 2020

Address: Vossastrandvegen , 5713 Vossastrand

Utstyrt med klatresele, våtdrakt og hjelm får du rappellere ned den 100 meter høge og svært spektakulære Skjervsfossen i 2 etappar. Enten du elskar eller hatar høgde, så set det garantert fart på hjertepumpa å fire seg ned ved sidan av denne kraftfulle fossen!

Klatreerfaring er ikkje nødvendig, men du bør ikkje ha høgdeskrekk. Ikkje tru at du har rappellert før du har prøvd dette!

Praktisk informasjon:
- Minimum 4 påmeldte for å starta ein tur med fosserappellering
- Maksimum 13 personar per tur
- Møtestad: Voss Active, Nedkvitnesvegen 25, 5710 Skulestadmo
- Transport frå Voss sentrum kan tingast på førehand. Hente sted er busslomma ved Voss bussterminal 30 minuttar før turen startar
- Varigheit totalt ca. 3-4 timar
- Varm heimelaga lunsj kan tingast på førehand
- Ta med badekle og handduk (ei langerma ull undertrøye på kalde dagar)
- Alt av nødvendig utstyr er inkludert (våtdrakt, neoprensko, klatresele og hjelm)

Krav:
- Aldersgrense: 15 år eller fylle 15 år inneverande år
- Normal fysisk helse
- Ikkje påverka av rusmiddel
- Dersom du har astma, epilepsi, eller liknande, ring oss for informasjon

Pris:
- kr. 1150,- per person

Sesong:
- Mai til og med oktober

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
15 Jun
Måndag 15 jun 2020 10:00 - 14:00
16 Jun
Tysdag 16 jun 2020 10:00 - 14:00
17 Jun
Onsdag 17 jun 2020 10:00 - 14:00
18 Jun
Torsdag 18 jun 2020 10:00 - 14:00

Om denne aktiviteten

Build: 22.05.2020 22:37:54, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails