Stølsoppleving på Grettestølen - Wild Voss

Address: Skjerpestunet 8, 5710 Skulestadmo Dato: Onsdag 24 jun 2020 - torsdag 20 aug 2020 Vis kart

Address: Skjerpestunet 8, 5710 Skulestadmo

Dette er ein familevenleg vandretur som set fokus på naturbruk og eldgamle stølstradisjonar. Etter eit par timars vandretur er vi oppe på Grettestølen, med herleg utsikt over Vossabygda. Inger Marie er budeie på stølen, og ynskjer velkomen. Ho fortel om stølsdrifta og servarar herleg lunsj laga av råvarer frå både stølen og Selheim Gard.

Voss har over 300 stølar. Berre nokre få av dei har bemanna drift om sommaren. Gamle ferdselsvegar, bygningsrestar og steinmurar gror igjen og blir gløymt. Ved å bli med på denne turen vil du lære om ein kulturarv som strekkjer seg nær 4000 år tilbake i tid.

Turskildring
Turen startar ved Selheim Gard, i starten av vakre Raundalen. Lars og Hilde eig og driv både garden og Voss Gardsslakteri, der dei foredlar kjøtet dei produserar. Her finn du kortreist mat med høg kvalitet! Sommaren 2020 vil dei starte opp og prøve ut tradisjonell drift av stølen deira, Grettestølen. Vår guide tek deg med på ein lite brukt sti frå Selheim Gard opp til Grettestølen. Vi vandrar gjennom mektig skog, opp bratte lier. Vi tek ein avstikkar til den spektakulære Meringanolten, høgt over juvet ved inngangen til Raundalen. Undervegs får du lære om naturbruk og lokalhistorie. Grettestølen ligg flott og fritt til, om lag 650 meter over havet. Her er vi frie som fuglen, med sola i andletet og Vossabygda under oss.

Inger Marie jobbar som budeie på stølen. Ho tek imot oss og fortel om den tradisjonelle stølsdrifta med dyrehald og produksjon av smør, rømme og andre melkeprodukt. Tidleg i juli vil det nye grindbygget og alt naudsynt utstyr vere på plass. Da kan Inger Marie by på stølskost som ho lagar sjølv, med mjølk frå kyra ho passar på stølen.

Eit høgdepunkt på omvisninga er lunsjmåltidet, som komponerast av råvarer frå både Selheim Gard og etterkvart frå stølsdrifta. Vi benkar oss i selet med dei gamle tømmerveggane og nyt velsmakande tradisjonsmat. Denne maten ligg det sjel i!

Vegen tilbake til Selheim Gard går anten via stien vi nytta på veg opp, eller langs traktorvegen. Det er og mogeleg å forlenge returen ved å gå til Meringi i Raundalen eller opp på Gretteggi.


Kvifor bli med på denne turen?
Dette er ein tur du ikkje finn makan til i desse traktene. Turen er lettgått og passar for dei fleste. Vandringa byr deg ei flott naturoppleving. Og - ikkje minst - du kjem tett på ein levande støl der du får servert mat av topp kvalitet i historiske omgjevnader.

Tiltak i høve koronaviruset (Covid-19)
Etter pålegg frå nasjonale og lokale styresmakter har vi gjort grundige risikoanalysar av all vår aktivitet med tanke på smittespreiing og smittevern. Vi har laga ei eiga nettside der du finn detaljert risikoanalyse og oppdaterte kjøps- og avtalevilkår.

For alle våre aktivitetar gjeld følgande:
- Deltakarar må være friske og utan symptom på forkjølelse eller luftveisinfeksjon.
- Deltakarar nyttar eigen bil eller tek toget saman med guiden til utgangspunktet for turen.
- Deltakarar må ikkje være omfatta av gjeldande karantenereglar.
- Personar med samfunnskritiske oppgåver må sjølv vurdere si eiga deltaking.
- Deltakarar må sørgje for god handhygiene før, under og etter arrangementet.
- Deltakarar må halde minst 1 meters avstand til andre deltakarar når det er mogeleg.
- Vi stiller handsprit til disposisjon og gjennomfører handdesinfeksjon ved starten av kvar aktivitet.

Praktiske detaljar
Vi møtast på vårt kontor i andre etasje på Tre Brør Kafé kl 9.30. Der helser vi på kvarandre og går gjennom bekledning og utstyr før vi set kurs mot toget som tek oss til startstedet. Toget går kl 10.00 og tek om lag 10 minutt. Det er ôg mogeleg å køyre bil direkte til Selheim Gard.

Vi er tilbake på stasjonen på Voss kl 15.30. Turen tek om lag 5 timar, avhengig av rutevalg.

Sesong
Daglege avgangar i perioden 23.juni til 20.august.

Krav til deltakarar
Denne turen går i vekslande terreng i skog og li. Den gamle stien har nokre bratte og ulendte parti, men er ikkje utsatt. Turen kan tilpassast ulike nivå. Det er ein fordel om du har gått nokre turar i fjellet før, men det er ikkje eit krav. Du er i normal fysisk form og føler deg frisk.

​Naudsynte klede og utstyr
På turen treng du:
- Gode sko eller fjellstøvlar.
- Vind- og vasstette klede (skalklede).
- Liten ryggsekk (ca 20 liter).
- Ei ekstra t-skjorte.
- Ekstra ullgenser og/eller lett fleecejakke.
- Solbrillar og solkrem.
- Vandrestavar er ein god idé.
- Drikkeflaske.

Prisar og vilkår
Prisen for vaksne er kr 1990 per person. Pris for born mellom 8 år og 14 år er kr 1390 per person. Rabatterte prisar for grupper på fire eller fleire. Gruppestorleik: 2-8 deltakarar.

Nedre aldersgrense er 8 år. Merk at det er minimum 24 timars førehandsbestilling. Ta gjerne kontakt med Wild Voss for siste-liten forespurnader.

Vi gjer merksam på at stølsdrifta på Grettestølen startar opp i 2020. Mykje arbeid skal gjerast og tungt utstyr skal på plass før det er mogeleg å produsere smør, rømme og andre godsaker oppe på stølen. Om alt går som planlagd, vil alt vere klart innan 1.juli. Me tek atterhald om forseinkingar, men lovar deg uansett ei flott stølsoppleving og eit herleg, tradisjonsrikt stølsmåltid med mat frå Selheim Gard.

Inkludert i prisen:​
- Følge av ein erfaren, lokalkjend guide på heile turen.
- Plassreservasjon i selet på Grettestølen.
- Servering av to-rettars lunsjmåltid av lokalt produsert mat med høg kvalitet (verdi kr 490 per person).
- Omvisning på Grettestølen av budeia Inger Marie.
- Alt naudsynt tryggleiksutstyr.
- Togbillettar frå Voss til Kløve, t/r.

Ikkje inkludert i prisen:
- Tog eller annan reisemetode til Voss.

Ved å reservere plass på denne turen aksepterar du Wild Voss sine Kjøps- og avtalevilkår. Desse er oppdaterte i tråd med koronaviruset. ​

For reservasjon, spørsmål og anna:
Kontakt Øystein i Wild Voss på +47 93484041 eller send ein epost til [email protected]

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 559 meter
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 559 meter
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 559 meter
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved resepsjon, og 100-500m frå skiheisen.
Build: 08.07.2020 15:35:02, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails