"Damer og Øl" i Kamben Kafè & Bar

Address: Klypeteigane, 5713 Vossestrand Dato: Fredag 9 okt 2020 - fredag 9 okt 2020

Address: Klypeteigane, 5713 Vossestrand

Bli med på ein heilaften med foredrag av Hege Ramseng frå Bryggeri- og Drikkevareforeningen, smaking av øl, mat og underhaldning kun for damer i Kamben Kafè & Bar fredag 9. oktober

TIDSPUNKT
Fredag 9. oktober kl. 20.00 - 23.00

PRIS
Kr 445 per person
Tallerkenservert fingermat, smaksplanke øl og foredrag av Hege Ramseng er inkludert i prisen

OM FOREDRAGET
Er øl ein macho-drikk? Er det noko med smaken som gjer at mange kvinner føretrekk vin? Eller handlar det om kultur: ølreklamer med smilande bikinidamer og fotballpuber med tunge halvlitere, høgt støynivå og kraftig språkbruk? Sanninga er at kvinner er på kraftig frammarsj som øldrikkarar. Det er grunna både forandringar i ølkulturen og auka kunnskap om det store mangfaldet av øltyper og smaksvariantar.

– Det var damene som sanka urter og brygga øl for 8.000 år siden i Mesopotamia. Dei drakk det med sugerøyr, vart glad og salig og trudde det var gudane som stod bak. Sidan vart tendensen at kvinnene bryggja øl, medan mennene drakk brygget. No er det mannfolka som gjer begge deler. – Ta tilbake ølet, ta tilbake det sosiale! Dette fortel Hege Ramseng i sitt øl-historiske tilbakeblikk

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Tilgjengeleg: 09.10.2020
Build: 22.07.2020 13:40:18, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails