Frå heimekontor til bortekontor i Myrkdalen
Address: Klypeteigane, 5713 Vossestrand Dato: Onsdag 17 mar 2021 - søndag 2 mai 2021 Vis kart
Address: Klypeteigane, 5713 Vossestrand
Er du lei av heimekontor og treng litt variasjon i kvardagen? Ta med laptopen til Myrkdalen Hotel og få ny motivasjon og nye impulsar i vakker vestlandsnatur.
Byter du ut heimekontor med bortekontor nokre dagar, vil du få nye idèar, meir arbeidslyst og motivasjon i kvardagen.
Kombiner produktive arbeidsøkter på eit behageleg og romsleg hotellrom, med skikøyring i eit av dei mest snøsikre skianlegga i Noreg. I Myrkdalen tek me fleksible arbeidsdagar til nye høgder - bruk det kjærkomne dagslyset til herlege naturopplevingar og forskyv arbeidsøkta til ettermiddagen.
Vestlandets største skisenter:
Rett ved Myrkdalen Hotel ligg vestlandets største skisenter med løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper og herleg off-piste terreng. Her ligg alt til rette for å ta ein kjapp tur i bakken i pausen, eller tilbringa heile dagen på ski.
Pust ut i Årmotslia Langrennsarena:
Spenn på deg langrennsskia utanfor hotellet og legg ut på treningstur i Årmotslia Langrennsarena. I vintersesongen ligg ca 30 km preparerte langrennsløyper i kupert terreng og ventar på deg.
Dagstur eller med overnatting:
Ynskjer du opphald over fleire dagar anbefalar me midtveketilbodet på Myrkdalen Hotel som inkluderer overnatting og 2-dagar heiskort.
Du kan også bestilla rom på Myrkdalen Hotel til kontor på dagtid frå kl. 07.00 - 19.00.
Velkomen til ditt nye heimekontor!
Anledning
Dato | Tidspunkt | |||
---|---|---|---|---|
20
Apr
|
Tysdag 20 apr 2021 | 07:00 - 19:00 | ||
21
Apr
|
Onsdag 21 apr 2021 | 07:00 - 19:00 | ||
22
Apr
|
Torsdag 22 apr 2021 | 07:00 - 19:00 | ||
23
Apr
|
Fredag 23 apr 2021 | 07:00 - 19:00 | ||
24
Apr
|
Laurdag 24 apr 2021 | 07:00 - 19:00 | ||
25
Apr
|
Søndag 25 apr 2021 | 07:00 - 19:00 | ||
26
Apr
|
Måndag 26 apr 2021 | 07:00 - 19:00 | ||
27
Apr
|
Tysdag 27 apr 2021 | 07:00 - 19:00 | ||
28
Apr
|
Onsdag 28 apr 2021 | 07:00 - 19:00 | ||
29
Apr
|
Torsdag 29 apr 2021 | 07:00 - 19:00 | ||
30
Apr
|
Fredag 30 apr 2021 | 07:00 - 19:00 | ||
1
Mai
|
Laurdag 1 mai 2021 | 07:00 - 19:00 | ||
2
Mai
|
Søndag 2 mai 2021 | 07:00 - 19:00 |