Guida tur på elektrisk MTB - Outdoor Norway

Address: Evangervegen 14, 5700 Voss Dato: Fredag 24 mai 2019 - laurdag 12 okt 2019 Vis kart

Address: Evangervegen 14, 5700 Voss

Sjekk ut dei beste sykkelstiane på Voss med ein elektisk MTB-sykkel!

Me har dei beste fulldempa el-syklane i Noreg - bli med på ein guida tur med oss der du får mest mogleg sykkelkøyring ut av timane!

Våre erfarne guidar tilbyr turar på stiar for alle ferdigheitsnivå. Me set ein passande fart og lærer deg nye triks på sykkelsetet, medan du får se nydelege plassar på Voss.

Hjelm og hanskar er inkludert i alle guida sykkelturar.

Turstart: Klokka 14:30

Varigheit på turen:
3 timar

Pris:
1150 ,- for vaksne
950,- for ungdommar (fødd mellom 2001 og 2007)
Det må vera minst to påmelde for at turen skal gå

Krav til deltakarar:
Må vera minst 11 år eller 150 cm høg
Må vera i normal fysisk form
Ver venleg å informera oss om medisinske tilstandar som astma, epilepsi, etc.

Dette er inkludert:
- El-MTB i topp kvalitet (hybrid, fulldempa)
- Hjelm
- Hanskar

Dette må du ta med deg:
- Behagelege klede å sykla med
- Ullundertøy om det er kaldt
- Vindtett jakke
- Solkrem om det er sol
- Solbriller
- Drikke

Møtestad og avgang:
Basen vår er eit telt som ligg ved Vangsvatnet attmed Voss kulturhus, berre 100 meter frå Voss Gondol og togstasjonen. Oppmøte ti minutt før turen startar (klokka 14:20).

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    1150 NOK vaksen
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 3 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 3 km
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski) og 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 3 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.