Guida tur til Breiskrednosi - Wild Voss

Address: 5747 Gudvangen Dato: Laurdag 15 jun 2019 - torsdag 10 okt 2019 Vis kart

Address: 5747 Gudvangen

La ein av våre erfarne guidar ta deg med på tur til Breiskrednosi som ruvar 1189 meter over Nærøyfjorden. Frå toppen er det fantastisk utsikt til Nærøyfjorden, som er på verdsarvlista til UNESCO.

Nærøyfjorden er ein av dei mest spektakulære fjordane i Noreg. Snøkvite fjell ruvar høgt over denne smale fjorden, og sender fossar av smeltevatn utfor dei bratte, høge stupa. Nede ved fjorden ligg vakre gårdar og små grender med fast busetting. Denne unike kombinasjonen av natur og kultur har gitt Nærøyfjorden plass på UNESCO si verdsarvliste. Frå Breiskrednosi får du nyte landskapet frå orkesterplass, 1189 meter over fjorden.

Turdetaljar for Breiskrednosi frå Breidalen:
- Samla distanse: 15-17 km.
- Estimert tidsbruk: Om lag 8 timar på tur.
- Samla stigning: 1100 meter.
- Turgradering: Krevjande (sort). Nokre bratte bakkar. Terreng utan sti. Nokre snøfelt. Tidvis røft vêr.
- Familievenleg: Nei. Aldersgrense 12 år.
- Tilgjengelig med offentleg transport: Nei.

​Turskildring:
Etter ein times kjøretur frå Voss har vi passert gjennom den vakre Jordalen. Bilen parkerar vi nær stølen Breidalen, om lag 750 meter over havet. Her startar turen vår. Vi følger ein umerka sti austover mot vatnskiljet over Nærøyfjorden. Vi vinn høgde mot Vardane, og fortsetter over Rimstigfjellet mot den stadig meir markerte toppen Breiskrednosi. Undervegs legg vi merke til korleis naturen endrar karakter. Frå dei avrunda fjella i Jordalen til eit forrevent fjordlandskap.

På toppen av Breiskrednosi unnar vi oss ein god kvil medan vi beundrar den ugløymelege utsikta. Returen går same vegen tilbake til Breidalen.

Ein variant av denne turen startar frå fjorden ved Bakka og følger den legendariske Rimstigen til fjells. Dette gir ei tøffare stigning, men er vel verdt slitet.

Kvifor bli med?
Dette fjellområdet er vilt og vakkert, med natur som i stor grad er inntakt og utan inngrep. På vegen over fjellet passerer vi gamle fangstanlegg for reinsdyrjakt. Utsikta frå Breiskrednosi vil du hugse lenge.

Sesong:
Daglege turar i perioden 15.juni til 10.oktober.

Krav til deltakarar:
Dette er ein lang vandretur i flott høgfjellsterreng. Vêret kan bli friskt, og snøbyger er ikkje uvanleg sjølv midt på sommaren. Du bør vere i nokonlunde god turform og ha gått turar utanfor stiar i høgfjellet før. Turen er ikkje teknisk krevjande. Breiskrednosi har eit luftig stup, men du velgjer sjølv om du vil stå ytst på kanten.

Naudsynte klær og utstyr:
- Gode sko eller støvlar til vandring i fjellet.
- Vind- og vasstette klede (skalklede).
- Liten ryggsekk (ca 20 liter).
- Ei ekstra t-skjorte.
- Ekstra genser og/eller lett fleecejakke.
- Solbrillar og solkrem.
- Vandrestavar er ein god idé.
- Lue eller caps, vottar.
- Drikkeflaske og litt tursnacks.

​Praktiske detaljar:
Oppmøte på guidekontoret vårt i andre etasje på Tre Brør Kafé kl 8.00. Du kan og møte guiden ved parkeringsplassen i Breidalen.

​​Vi er attende på Voss omkring kl 19.

​​Prisar og vilkår:
Prisen er kr 1490 per person.

Gruppestorleik:
1-10 deltakarar. Grupper som er større enn 5 personar oppnår 20% grupperabatt.

​Inkludert i prisen:
- Følge av ein kompetent guide på heile turen.
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.
- Alt naudsynt tryggleiksutstyr.
- Tilgang til å låne ekstra klede og vandrestavar kostnadsfritt ved behov.
- Biltransport til og frå Voss ved behov.

Ikkje inkludert i prisen:
- Tog eller annan reisemåte til Voss.

​Korleis finne fram?
Frå Voss, følg E16 i retning Gudvangen. Etter om lag 40 minutt (37 km), ta av til venstre mot Jordalen (skilt). Frå Gudvangen, følg E16 retning Voss i om lag 8 km. Ta av til høgre mot Jordalen (skilt).

​Like etter avkøyring frå E16, ta til venstre. Etter 100 meter, ta til høgre. Følg tunnelen opp i Jordalen og køyr innover dalen forbi garden Nåsi. Frå Nåsi, følg grusvegen om lag 3,5 km til du får hyttene ved Breidalen nedom vegen. Ta omsyn til beitedyr og lukk att grinder. Parker slik at du ikkje blokker vegen. Hugs å betale vegavgift med kr 50 (kun kontant) ved brua. Samla køyretid frå Voss: om lag ein time.

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Prices from
    1490 NOK per person
Feriehus

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 33,8 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Feriehus

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 33,8 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Hotell

Myrkdalen Hotel

Avstand: 18,9 km
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på turstiar i alle utgåver, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.