Guida tur til Kiellandbu - Wild Voss

Address: 5612 Steinstø Dato: Laurdag 1 jun 2019 - fredag 1 nov 2019 Vis kart

Address: 5612 Steinstø

Bli med til den vakre hytta på kanten av stupet - ein familievenleg tur i magisk fjordlandskap!

Kiellandbu turdetaljar:
- Samla distanse: Om lag 12 km.
- Estimert tidsbruk: Om lag 6 timar frå bil til bil.
- Samla stigning: 350 meter.
- Turgradering: Lett (grøn).
- Familievenleg: Ja, for born som har fylt ni år.

Me møtast om morgonen på togstasjonen på Voss, hilser på kvarandre og går gjennom turplanen. Ein halvtimes biltur tek oss til turens startpunkt.

Vår vandring byrjar ved den gamle kraftstasjonen på Hodnaberg ved Hamlagrøvatnet. Det inneber at me i er i fjellterreng heilt frå starten av. Me følger først ein grusveg sørover medan me vinn høgde. Deretter tek me av inn på ein T-merkt sti, som delar seg ved Kvålsdalstjørni. Her kryssar me den krystallklare elva på ei flott hengebru, før me held fram sørover mot Hardingaskaret. Me går nå på ei gamal handelsrute. Vår sti tek av skrått oppover mot Sveindalseggi, og syner eit stadig villare landskap kring oss. Etter eit flatare parti kjem me til Kiellandbu, som er vårt mål for dagen. Her nyt me vår velsmakande lunsj laga av lokalproduserte matrettar, medan me beundrar den strålande utsikta.

På heimvegen følger me anten den same stien tilbake, eller legg spora våre over Sveindalsnuten (1065) for å få enda betre utsikt. Kanskje me kan freiste med eit friskt bad i eit kjølig fjellvatn på vegen tilbake?

​Sesong:
Daglege turar i perioden 1.juni til 1.november.

​Kvifor bli med?
Kiellandbu er ei perle. Hytta er lett å gå til, her er lite folk, terrenget er variert og vakkert, og utsynet frå hytta er fantastisk. Me følger ei flott elv store delar av turen, med levande kulturlandskap, vakre blomar og beitedyr like ved stien.

​Praktiske detaljar:
Kjem du med tog frå Bergen same dag? Møt på Voss Stasjon kl 10.00. Hvis du allereie er på Voss, møtast me utanfor kontoret vårt på Tre Brør Kafé kl 9.30.

Me er attende på Voss kring kl 17.00.

Krav til deltakarar:
Denne turen går i all hovudsak i lettgått fjellterreng på T-merkt sti. Det er ein fordel om du har gått nokre turar i fjellet før, men det er ikkje eit krav. Du er i normal fysisk form og føler deg frisk.

​Naudsynte klær og utstyr - på turen treng du dette:
- Gode sko eller støvlar til vandring i fjellet.
- Vind- og vasstette klede (skalklede).
- Liten ryggsekk (ca 20 liter).
- Ei ekstra t-skjorte.
- Ekstra genser eller lett fleecejakke.
- Solbrillar og solkrem.
- Vandrestavar er ein god idé.
- Lue eller caps.
- Drikkeflaske og litt tursnacks.
- Ta gjerne med badetøy og handkle til returen.

Gruppestorleik:
1-12 deltakarar.

​Inkludert i prisen:
- Følge av ein kompetent guide på heile turen.
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.
- Alt naudsynt tryggleiksutstyr.
- Tilgang til å låne ekstra klede og vandrestavar kostnadsfritt ved behov.
- Transport til og frå Voss stasjon om naudsynt.

Ikkje inkludert i prisen:
- Tog eller annan reisemåte til Voss.

Litt om ansvarleg turisme og berekraft:
Wild Voss jobbar kontinuerleg med å minske det økologiske fotavtrykket til våre turar og aktivitetar. Me fylgjer dei oppdaterte GSTC-kriteria for ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av våre turer kan du vere trygg på følgjande:
- Me ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».
- Me nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogeleg.
- Våre turar går til fots, på truger eller på ski. Vår ferd i naturen bidreg ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema kring oss.
- Guiden din delar gjerne sin kunnskap om lokal natur, kultur og stader vi besøker.
- Me støttar ansvarlege, lokale bedrifter.
- Guiden din vil framsnakke varsom og naturvennlig ferdsel og øke bevisstheten din om lokalt dyre- og planteliv.
- Me følgjer lovar og reglar for ferd i fri natur og i kulturlandskap.
- Me jobbar for å minimere avfall, og veljer difor produkt og emballasje med lang levetid.

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 29,5 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 29,5 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 29,5 km
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski) og 100-500m frå skiheisen.