Guida sykkeltur til Hardangerfjorden - Bike the Fjords

Address: 5700 Voss Dato: Onsdag 24 jul 2019 - måndag 29 jul 2019 Vis kart

Address: 5700 Voss

Denne fantastiske reisa varer over åtte dagar, med seks dagar på sykkel gjennom vakkert vest-norsk fjordlandskap.

Undervegs vil du eta og sova godt på De Historiske Hoteller & spisesteder langs Hardangerfjorden. Syklinga går i variert og lett kupert terreng, men undervegs er det nokon bakkar som må forserast. Våre lokalkjende guidar blir med for å gje deg den beste opplevinga. Følgebilen vil vera tilgjengjengeleg for deg kvar dag langs heile turen. El-sykkel kan og leigast på heile eller delar av turen.
Dette er signatur-turen i Bike The Fjords og Fjord Norge. Du får sjansen til å sjå ein av dei vakraste fjordane i Norge på nært hald.

Inkludert i turen:
- 6 dagar på sykkelmed guide
- 7 netter på hotell
- 5 tre-rettars middagar
- Bagasjetransport
- Leige av sykkel
- Snacks og vatn

Program:

Dag 1: Velkomen til Voss
Me møtest på ettermiddagen på Store Ringheim Hotel, eit unikt lite hotell utanfor Voss sentrum. Me samlar gjengen som skal på tur i lag, og går gjennom programmet for dei neste dagane. Så tilpassar me syklane, før ein kan ta seg ein valfri kveldstur for å testa sykkelen om ynskjeleg. Ein fin tur er å sykla til Voss folkemuseum på Mølstertunet. På kvelden får me servert ein nydeleg tre-rettars middag på hotellet.

- Høgdepunkt: Ankomst Voss, Voss folkemuseum
- Antall kilometer på sykkelen: 2 (testtur)
- Måltid inkludert: 3-rettars middag
- Overnatting: Store Ringheim Hotel


Dag 2: Sykling på Voss
Etter ein nydeleg frukost på Store Ringheim Hotel, syklar me til Tvindefossen. Her kjem me tett på vasskreftene – kanskje du får deg ein liten dusj? Her kan du kjøpa is og nyta utsikten. Me syklar same veg attende til Voss og et lunsj her, før me legg ut på ein tur kring Vangsvatnet. På denne turen syklar du forbi vakre landskapsområde. Me får servert nok ein herleg middag på Store Ringheim, og søv her ei natt til.

- Høgdepunkt: Tvindefossen, Vangsvantet, Voss sentrum
- Antall kilometer på sykkelen: 54 (31 før lunsj og 23 etter lunsj)¨
- Måltid inkludert: Frukost, 3-rettars middag
- Overnatting: Store Ringheim Hotel


Dag 3: Me set kursen mot fjordane!
Etter frukost set me oss på sykkelsetet med retning Hardangerfjorden. Fyrst gradvis oppover i kring 11 km, før me har eit stopp på toppen av Skjervsfossen og utsiktspunktet der. Så syklar me bratt ned mot Granvin, ein sjarmerande lita bygd der du kan kjøpa deg lunsj og ein kaffikopp. Her startar også turen vår langs fjorden. Etter lunsj syklar me til Kvanndal, og herfrå tek me ferja over til Utne. Her overnattar me på Utne Hotel.

- Høgdepunkt: Skjervsfossen, Granvin, Utne, Kvanndal
- Antall kilometer på sykkelen: 40
- Terreng: Lang, men gradvis stigning den fyrste biten, så nedover og flatt til fjorden. Litt opp og ned mot Kvanndal.
- Måltid inkludert: Frukost, 3-rettars middag
- Overnatting: Utne Hotel


Dag 4: Hardangerfjorden på kryss og tvers
Etter frukost på Utne Hotel tek me ferja over fjorden til Kinsarvik, og herfrå syklar me langs fjorden, over Hardangerbrua og til Ulvik. Me et lunsj på Brakanes Hotel i Ulvik før me syklar til over Espelandsfjellet til Granvin og Kvanndal igjen. Me tek samme ferja til Utne som i går, og får servert 3-rettars middag på hotellet.

- Høgdepunkt: Kinsarvik, Hardangerbrua, Ulvik, Espelandsfjellet
- Antall kilometer på sykkelen: 65
- Terreng: Både flatt og kupert før lunsj, bratt oppover etter lunsj
- Måltid inkldert: Frukost, lunsj, 3-rettars middag
- Overnatting: Utne Hotel


Dag 5: Sykling langs Hardangerfjorden
Etter frukost på Utne Hotel syklar me sørover langs Hardangerfjorden, forbi flotte fruktgardar på Lothe og Alsåker. Me stoppar i Herand og tek ein is og ein kaffi på den koselege kaia. Så syklar me vidare mot Jondal, der det vil vera moglegheit for å kjøpa lunsj. Etter lunsj tek me ferja over til Tørvikbygd, og syklar til Norheimsund og hotellet me skal bu på – Thon Hotel Sandven.

- Høgdepunkt: Blomstring på fruktgardane langs fjorden, koselege småbygder som Jondal og Herand
- Antal kilometer på sykkelen: 50
- Terreng: Ein miks mellom flatt og kupert, 3-4 bratte oppstigningar
- Måltid inkludert: Frukost, kaffi og is i Herand
- Overnatting: Thon Hotel Sandven


Dag 6: Fridag
Denne dagen kan du velja kva du ynskjer å gjera i Norheimsund. Me anbefalar ein tur til Steindalsfossen, som berre ligg 2 km frå hotellet. Du kan også gå på museum, ta ein fottur til fjells eller utforska området på sykkelen. Middag på eige hand, på hotellet eller i sentrum.

- Høgdepunkt: Norheimsund, Steindalsfossen
- Antal kilometer på sykkelen: 0 (kviledag)
- Måltid inkludert: Frukost
- Overnatting: Thon Hotel Sandven


Dag 7: Siste dag på sykkelsetet, avslutning på spa!
Me fortset på den siste delen av ruta mot Mundheim. Me forlater Hardangerfjorden og syklar bratt oppover, landskapet endrar seg med meir fjell og innsjøar før me kjem til Skjelbreid. Her et me matpakke frå hotellet til lunsj, som me har teke med oss frå hotellet. Etter å ha nytt lunsjen med fantastisk utsikt, syklar me nedover mot Fusafjorden og ein ny ferje frå Venjaneset til Hatvik. Herfrå er det ikkje langt å sykla til hotellet vårt, Solstrand Hotel & Spa som ligg ved Bjørnefjorden. Nyt timane på spa og i den vakre hagen før ein tre-rettars middag.

- Høgdepunkt: Standebarm, utandørs lunsj, spa
- Antal kilometer på sykkelen: 75
- Terreng: For det meste flatt, nokre bratte kneikar
- Måltid inkludert: Frukost, matpakke til lunsj og 3-rettars middag
- Overnatting: Solstrand Hotel & Spa


Dag 8: Siste dag

Etter frukost er det mogleg å leggja til ein ekstra overnatting i Bergen (på etterspurnad). Altenativt: Transport til Bergen flyplass Flesland eller til Bergen sentrum på eiga hand.

Vis meir

Anledning

Dato    
24 Jul
Onsdag 24 jul 2019
25 Jul
Torsdag 25 jul 2019
26 Jul
Fredag 26 jul 2019
27 Jul
Laurdag 27 jul 2019

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    25000 NOK 8 dagar, per person
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 2,8 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 2,8 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 2,8 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.