Trolltunga vandring og sykkel - Bike the Fjords

Address: 5700 Voss Dato: Måndag 12 aug 2019 - søndag 15 sep 2019 Vis kart

Address: 5700 Voss

På denne turen får du kombinert ein fem dagars sykkeltur i Hardanger med ein vandretur til den verdskjende Trolltunga.

Varigheit:
5 dagar/4 netter

Inkludert:
- 4 dagar guida sykkeltur
- Ein dag guida vandretur
- 4 overnattingar
- 4 middagar
- 5 frukostar
- Sykkel
- Bagasjetransport

Turar i 2019:
- 12. - 15. august
- 12. - 15. september

Bestilling:
Send ein e-post til [email protected] for å bestilla!

Dag 1: Velkomen til Voss

- Sykkeldistanse: 12 km
- Vandredistanse: 2-3 km (bratt)
- Overnatting: Fleischer’s Hotel

På Fleischer’s Hotel på Voss vert du møtt av ein av våre guidar, og resten av gruppa. Me går gjennom programmet for turen, og deler ut syklar. Så reiser me ut på ein test-tur for å prøva utstyret. Me syklar 6 km til Voss folkemusuem på Mølstertunet. Herfrå går me på ein kort men bratt vandretur, opp til Mølsterberget, før me syklar attende til hotellet. Her får me servert ein tre-rettars middag på kvelden!


Dag 2: Voss-Utne

- Sykkeldistanse: 40 km
- Overnatting: Utne Hotel

Etter frukost på Fleischer’s syklar me sørøver mot Hardangerfjorden. Fyrst ein slak oppoverbakke på 11 km, før me passerer Skjervsfossen og syklar bratt ned mot Granvin og Hardangerfjorden. Me syklar langs fjorden til Kvanndal, og herfrå tek me ferja over til Utne. Me tilbringer natta på Utne Hotel, der me også får servert ein tre-rettars middag.

Dag 3: Trolltunga-tur

Sykkeldistanse: 0 km
Vandredistanse: 21 km
Overnatting: Brakanes Hotel

Me startar dagen tidleg, og vert henta med bil/buss på Utne klokka 06.00. Me køyrer mot Tyssedal i nærleiken av Odda, og går turen inn til Trolltunga. Turen er 21 km lang og tek mellom 10-12 timar, så du må vera førebudd på ein lang dag ute. Etter turen vert me henta og køyrt til Brakanes Hotel i Ulvik, der me skal overnatta. Me får servert middag på kvelden.

Dag 4: Ullensvang: Voss

Sykkeldistanse: 61 km
Vandredistanse: 3 km (bratt)
Overnatting: Fleischer’s Hotel

Etter frukost i Ulvik syklar me langs fjorden til Kinsarvik, og til Hardangerbrua. Me kryssar brua og syklar mot Granvin. I Granvin tek me eit stopp der du kan kjøpa deg lunsj. Så syklar me opp dei bratte svingane i Skjervet (kring 3 km), før me trillar den siste, slake biten ned mot Voss. På Fleischer’s får du servert middag og får sova godt etter fine dagar med mange inntrykk.

Dag 5: Heimreise

Heimreise etter frukost på Fleischer’s Hotel.

Vis meir

Anledning

Dato    
12 Aug
Måndag 12 aug 2019
13 Aug
Tysdag 13 aug 2019
14 Aug
Onsdag 14 aug 2019
15 Aug
Torsdag 15 aug 2019
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 2,5 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 2,5 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 2,5 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.