Trugetur i Raundalen - Wild Voss

Address: 5706 Voss Dato: Søndag 15 des 2019 - tysdag 21 apr 2020 Vis kart

Address: 5706 Voss

Trugeturen til Raudalen er ein ypperleg måte å få seg ei frisk vinteroppleving i vakker natur - utan ski på beina.

Me tilpassar turplanen til gruppa sine ynskje, og tek berre med oss små grupper. Dette er ein enkel og familievenleg tur der me oppsøkjer skogen i full vinterdrakt.

Turbeskriving:
Raundalen ligg like aust for Voss, og er for mange ei ukjent perle. I dalbotnen finn me den verna Raundalselvi, som snirklar seg gjennom trange juv og skogkledde myrområde. Snødekte fjell og bratte, skogkledde fjellsider omkransar dalen på begge sider. Her vandrar elg, hjort og småvilt - og nesten ingen andre. Toglinja mellom Bergen og Oslo går gjennom Raundalen, noko som opnar for utslippsfrie turar og komfortabel transport.

På vår trugetur vil guiden gjerne hjelpa deg å få auka kunnskap om vinterfriluftsliv. Kanskje du vil læra å fyra bål med éin fyrstikk? Eller laga enkel mat på bålet? Guiden fortel gjerne om naturen og nærområdet som me ferdast i, og vil sjølvsagt sjå til at du held varmen undervegs.

I sekken har guiden med seg lokalprodusert mat som vert laga på leirbålet. Bålkjelen sørgjer for varm drikke til alle. Om været er dårleg, går me saman og byggjer eit improvisert ly for nedbør og vind. Du vil raskt oppdaga at tida ved bålet gjev deg anledning til å nyta stillheita i skogen - langt frå kvardagen.

Sesong:
Turane vert arrangert dagleg i vintersesongen, mellom 15. desember og 21. april.

Praktiske detaljar:
Møt opp utanfor Tre Brør Kafé nær torget på Voss klokka 9.15. Der hilsar me på kvarandre og tek ein utstyrsgjennomgang før me går til togstasjonen. Toget til Skiple i Raundalen har avgang klokka 10.00. Togturen tek om lag 20 minutt.

Me returnerer til Voss stasjon med tog som går frå Skiple klokka 16.10. Alternativt returtidspunkt kan organiserast.

For din sikkerheit og komfort tilbyr me fylgjande utstyr utan ekstra kostnad:
- Varme vinterstøvler med høg kvalitet
- Ullklede som vottar, lue, ullhenser, ullhals og ullsokkar
Du står fritt til å bruka eigne klede og sko på turen, så lenge guiden vurderer dei som gode nok.

Krav til deltakarar:
Dette er ein teknisk enkel og familievenleg tur. Turen passar for friske deltakarar i normal fysisk form, som har lyst på ein tur i fredelege og naturskjønne omgjevnader. Turen går i skogterreng, og er relativt beskytta mot vind og uvær. Du treng ingen tidlegare erfaring frå trugeturar eller skiturar.

På turen treng du fylgjande klede:
- Langt ullundertøy
- Varme ullsokkar
- Vind- og vanntette klede (skallklede)
- Lue
- Hanskar eller vottar
- Solbriller
- Det er lurt å ta med ein liten ryggsekk, ei vannflaske og litt tursnacks

Inkludert i prisen:
- Fylgje av ein erfaren guide på heile turen
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke - laga på leirbålet
- Truger og skistavar
- Varme støvlar (ved behov)
- Ubegrensa tilgang til ekstra varme klede, til dømes vottar, lue, ullgenser, ullhals og ullsokker
- Alt naudsynt sikkerheitsutstyr
- Togbillettar

Ikkje inkludert i prisen:
Eksterne transporttenester. Me kan ordna transport ved behov. Ekstra kostnader vil påløpa.

Litt om ansvarleg turisme og berekraft:
Wild Voss jobbar kontinuerleg med å minska det økologiske fotavtrykket til turane og aktivitetane våre. Me fylgjer dei oppdaterte GSTC-kriteria for ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av våre turar kan du vera trygg på fylgjande;
- Me ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».
- Me benytter utslippsfri infrastruktur når det er mogleg
- Våre turar går til fots, på truger eller på ski. Vår ferd i naturen bidrar ikkje til auka klimagassutslipp, og medfører minimale konsekvenser for økosystema rundt oss.
- Guiden din deler sin kunnskap om lokal natur, kultur og stadene me besøkjer
- Me støtter ansvarlege lokale bedrifter
- Guiden din vil framsnakka varsom og naturvenleg ferdsle og auka bevisstheita di om lokalt dyre- og planteliv
- Me følgjer lover og reglar for ferdsle i fri natur og i kulturlandskap
- Me jobbar for å minimera avfall, og velgjer derfor produkt og emballasje med lang levetid.​

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    1290 NOK Vaksen
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 5,8 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 5,8 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 5,8 km
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski) og 100-500m frå skiheisen.