Voss Resort

Address: Bavallsvegen 227, 5700 Voss Dato: Fredag 7 jun 2019 - torsdag 31 des 2020 Vis kart

Address: Bavallsvegen 227, 5700 Voss

Voss Resort er eit av Vestlandets største skisenter. Her finn du heile 40 km med preparerte løyper for alle nivå i tillegg til fleire spennande off-piste område.

Voss Resort er eit av Vestlandets største skisenter og har sitt velkomssenter i Bavallen, berre 5 km frå Voss Sentrum. Her finn du heile 40 km med preparerte løyper for alle nivå i tillegg til fleire spannande off-piste område i umiddelbar nærhet til heisen.

Variert terreng og løyper for alle:
I Voss Resort finn du 10 heisar og 23 løyper av ulik vanskegrad; alt frå enklare bakkar for nybyrjarar til krevjande terreng for dei beste. Her finn du mellom anna ei internasjonal storslalomløype og ei SuperG løype. Skisenteret har 40 km preparerte løyper, 2 terrengparkar, skicrossløype, 3 barnområder, preparerte langrennsløyper og 4 varmestover med serveringstilbod. I anlegget finn du og skiskule, skiutleige og afterski.

Voss Resort ligg nært tilknytt Voss sentrum og det går gratis skibuss med heile 3 avgangar frå Voss stasjon kvar dag gjennom heile sesongen. Skibussen korresponderer med tog til/frå Bergen.

Langrenn og toppturar:
Du finn 18 km preparerte, familievennlege langrennsløyper tilknytt skiområdet.
For det meste er løypene flate, med noko kupert terreng innimellom.
* Ljosløypa: 6 km
* Raugstadløypa: ca 3,5 km
* Turløype til Raudekross hytta: ca 8,5 km
Lønahorgi (1411 moh) er ein populært toppturdestinasjon og ligg berre ein liten gåtur frå skianlegget.

For borna:
Voss Resort har tre område for dei minste; Grebbesbakken, Badnakrokjen og Vetlebakken. Grebbesbakken er gratis. I helgar, høgtider og feriar vert det arrangert skirenn i Grebbesbakken og Badnakrokjen. Det kan og hende at Grebbe Hangur, trollet som bur på fjellet i Voss Resort, kjem på besøk innimellom.

I Voss Resort finn ein og ein eigen skiklubb for borna: Grebbe skiklubb! Skiklubben gjev medlemmar gode tilbod og kjekke medlemsfordeler.

Kveldskøyring:
Voss Resort har kveldskøyring kvar tysdag, torsdag og fredag. Dei har meir enn 10 km ljossette løyper i både grøn, blå, raud og svart løype.

Voss Gondol:
Sommaren 2019 opna Voss Gondol, som tek deg frå Voss stasjon og til toppen av skianlegget. Gondolen vil gå heile året.

Overnatting:
Hjå Voss Resort kan du overnatta i hytter eller leilegheiter. Sjå meir og bestill under "overnatting".

Vis meir

Anledning

Dato    
16 Jun
Søndag 16 jun 2019
17 Jun
Måndag 17 jun 2019
18 Jun
Tysdag 18 jun 2019
19 Jun
Onsdag 19 jun 2019

Om denne aktiviteten

  • Telefon
    +47 47 00 47 00
  • Kontakt på e-post
  • Nettsted
  • Opening hours
    Skisesongen startar som regel i midten av november og varar til slutten av april, avhengig av vêr og føre.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 329 meter
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 329 meter
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski) og 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 329 meter
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.