Haustferie i Voss Resort

Arrangementsstad:
Kategori: Andre arrangement

From 425 NOK

Me har fleire aktivitetar i området Bavallen og Hangurstoppen i haustferien.

Me har 5 Trollhinder som er satt opp for leik og moro, men også for å trene heile kroppen om du vil. Bruk dei som du vil, om det er å sjå kven som er sprekast i familien eller vennegjengen, eller berre å klatre rundt.

Turorientering med skattejakt ut frå Hanguren. Turorientering er ein kjempefin aktivitet både for små og store uteglade folk. I tillegg er det alltid kjekt å friske opp kunnskapen i å bruke kart og kompass.
Orienteringsgruppa i Voss IL har ansvar for Turorienteringa i Vossabygda.

Hangurshusko er på VisitVoss sin topp 10 attraksjoner på Voss. Kjenn at du flyg som ein “ekstremsportar” høgt over heile Voss. Hangushusko passar for alle og alle aldre. Du finn den i Panoramastien på Hanguren.

Stolpejakten er ein familievenleg aktivitet for alle aldrar og nivå. Tilbodet er gratis og går ut på å finna ein eller fleire av totalt 60 stolpar som står på Vangen/Gullfjordungen (1-15), Bømoen (16-45) og Hanguren frå ca 22. juni (46-60). Alle som finn 30 stolpar eller meir, er med i trekking av premiar.

Hengekøyeovernatting på Hanguren. Tenk å henge og dingle med beina over Voss i godt selskap, med ei god bok, eller berre kvile og drøyme seg vekk med den flotte utsikta. Voss Resort har hengt opp ti hengekøyer i svalgangen på terrassen til «gamle› Hangursrestauranten. Under tak!

Om du tek gondolen opp eller du vandrer til toppen er du fort på 818 moh. Her finn du mange varierte stier. Nokon korte og nokon lange. Nokon slakke og nokon bratte. Vandrekartet vårt viser deg vegen.

Om du tek gondolen opp eller du vandrer til toppen er du fort på 818 moh. Her finn du mange varierte stier. Nokon korte og nokon lange. Nokon slakke og nokon bratte. Vandrekartet vårt viser deg vegen.

Nyt hausten i fjellet og i naturen vår!

Og hugs at det er mykje å ta seg til i Voss Sentrum også.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
5 Okt
Onsdag 5 okt 2022 10:00  
6 Okt
Torsdag 6 okt 2022 10:00  
8 Okt
Laurdag 8 okt 2022 10:00  
9 Okt
Søndag 9 okt 2022 10:00  

Kontaktinformasjon

Telefon
(+47) 4700 4700
Kontakt på e-post
[email protected]
Nettsted
https://www.vossresort.no

Linker

Prisinformasjon

Prisinformasjon
Hangekøye: kr 2000,-. Gondol priser tur/retur: Voksen 425kr Barn. 280kr Familie sommer: 995kr Barn 0-6 år: Gatis
Aldersgrense (år)
0

Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg og kontakt oss på tlf 47 406 177 00 eller send ein e-post til [email protected] 




Bestill hos oss

Offisiell bookingside for Destinasjon Voss

Sikker betaling

Ingen bookingavgift

Raskt og enkelt

Build: 29.09.2022 18:06:35, Host: online3core20, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails