Hyttelandsby | Ein gard med hus til leige i vakker vestlandsnatur.
Eenstunet ligg like ved E16, 6 km nord for Voss sentrum. Garden vår ligg i vakker vestlandsnatur, med bratte fjellsider som strekkjer seg opp mot Lønahorgi på eine sida, og grøne skogkledde åsar på den andre.
Utearealet er ein svært familievenleg med god plass å boltre seg på. Garden grensar til Strandavassdraget med fin ferskvassaure. Båtutleige. Utgangspunktet er svært godt for ulike friluftsaktivitetar som jakt og fiske, fjellturar, rafting, sykling etc. Om vinteren er utearealet vårt glimrande for alle slags aktivitetar (skileik, akebrett, kjelke). Me har flott utsikt mot skianlegget i Bavallen, og køyretida herifrå er ca. 10 min.
Eenstunet har fått merke Olavrosa. Norges fremste kvalitetsmerke for opplevingar basert på kulturarven. Olavsrosa symboliserer stor respekt for fortida, men også glede, nytte og spennande opplevingar i dag.
Dei ulike husa:
Gamlastovo: Gamlastovo frå 1870 har 9 sengeplassar fordelt på 4 soverom. Den har fullt utstyrt kjøkken, stove og bad med dusj, badekar og toalett. I tillegg er det eit toalett i 2. etasje
Kårhuset: Kårhuset frå 1920 har 10 sengeplassar fordelt på 5 soverom. Det har fullt utstyrt kjøkken, stove og bad med dusj og toalett. I tillegg eit toalett i 2. etasje. Kårhuset er på ca. 80m2.
Bualoftet: I stabburet frå 1700–1800 talet er det ei 4–sengs leilegheit på ca 50m2 (2 soverom), og ei 8–sengs leilegheit på ca 75 m2 (3 soverom). Her er dei gamle lafta tømmerveggane og golva bevarte, og dei restaurerte romma er kledde med villmarkspanel. Leilegheitene har eige bad med dusj og toalett, fullt utstyrt kjøkken og TV.
Klikk her for å bestilla!