Voss Vandrarheim - 4-sengsrom med dusj og toalett inkl. frukost
Vandrarheim og pensjonat | Ligg vakkert med eige strand 800 m frå Voss stasjon. Standardrom med 4 senger, kan bookes til 1-4 personer. Prisen inkluderer sengetøy og frukostservering. Alle rom har dusj og toalett. Barn frå 0-3 år går gratis. For andre typer rom, ta kontakt direkte.
Hos Voss Vandrarheim bur du sosialt og komfortabelt, men så rimeleg at du kan prioritera opplevingar i ferien. Vandrarheimen har ein unik plassering like ved Vangsvatnet og er i det ideelle bualternativ når ein vil oppleve Voss og den vakre naturen - både sumar og vinter.
Voss Vandrarheim har totalt 40 rom (180 senger), alle er med toalett og dusj. Dei fleste romma har køyesenger, medan romma i kategorien «lake view private room» har dobbeltsengar. Det er ikkje TV på romma, men eitt TV-rom og også eit gjestekjøkken i fellesområda.
På vinteren kan du slappa av foran peisen etter ein lang dag på ski. På sommaren er det kanskje den flotte balkongen med utsikt mot Vangsvatnet og Gråsida som freistar mest.
Voss Vandrarheim har nokre få rom med tillatt hund for 150 kr per døgn, ynskjer du å bestille dette eller «lake view private room», ta direkte kontakt med med Voss Vandarheim på [email protected]
Barn frå 0-3 år går gratis, send mail til [email protected] etter du har bestilt om du har med barn frå 0-3 år og om du treng barneseng. I bestillinga legg du kun inn antall vaksne.
Andre fasilitetar:
- Bordtennis
- Biljardbord
- Gratis Wi-Fi
- Parkering utandørs (gratis)
- Fellesareal tilpassa rullestolbrukera
- Vaskemaskin mot kostnad
- Bibliotek/bokbyttestasjon
- Bagasjerom, tilgjengeleg i resepsjonens opningstid
Opningstider heile året:
Resepsjon høgsesong: 7-12 og 17-23
For kontakt med Voss Vandrarheim:
Peter Bondesveg 40, 5704 Voss
Tlf: + 47 56512017 + 47 9759 3888
Innsjekk frå klokka 15.00
Utsjekk: Innan klokka 11.00