Overnatting | Sentrale og moderne hotell-leilegheiter med 2 og 3 soverom i leilegheitsbyggja Torggarden og Kamben som ligg vis-à-vis Myrkdalen Hotel. Ski inn / ski ut og panoramautsikt utover dalen.
Fordeling på senger er hovudsakleg eit soverom med dobbeltsent og resterande rom med familiekøyeseng. Alle leilegheitene har kjøkken med standaradutstyr og oppvaskmaskin. Stova har sittegruppe med spisebord og TV. Bad med dusj/toalett og altan med sportsbod.
Byggeår
2016 - 2019
Avstand frå Myrkdalen Hotel
20 - 40 meter
Avstand frå skiheis/trekk
Ski inn - ski ut
Innsjekk og utsjekk
Innsjekk og utsjekk er på Myrkdalen Hotel som ligg i hjarta av fjellandsbyen
Innsjekk: Frå kl 16.00
Utsjekk: Før kl 11.00
Tidleg innsjekk og sein utsjekk
Ved ledig kapaistet er det mogleg å bestilla tidleg innsjekk og sein utsjekk til kr 100 per time. Dette kan ein ikkje bestilla online, men send gjerne ein førepurnad til kundeservice@myrkdalenhotel.no
Aldersgrense
Det er 23 års aldersgrense for bestilling av hytter og leilegheiter i Myrkdalen Fjellandsby