Store Ringheim Hotell & Restaurant, Voss

Address: Mølstervegen 44, 5710 Skulestadmo
Beliggenhet: Voss
vis kart

Hotell | Velkomen heim til Store Ringheim, staden for dei gode opplevingane! Her møter du ei
anna verd, hus med sjel, rustikke tømmervegger, fine detaljar og ei heilt spesiell
atmosfære.

I vakre omgjevnader i eit gamalt gardstun, omslag 1,4 km frå Voss sentrum på vegen mot Mølstertunet, finn du Store Ringheim. Vertskapet er niande generasjon på garden der det har vore drive jordbruk i over 2000 år. Dagens eigarar har stått for ei omfattande konvertering frå landbruk til hotell- og restaurantdrift i det gamle gardstunet.

Boutiquehotell
Store Ringheim er eit unikt boutiquehotell med atmosfære, omkransa av høge fjell i kombinasjon med komfort og stil. I dei gamle rustikke bygningane finn du 15 unike og komfortable rom med ein morderne touch, fordelt på Gardshuset og Reiskapshuset.

I eit tilsynelatande grått og slite gardshus har me 6 unike og historiske hotellrom. I det gamle Gardshuset frå 1860, er tømra er synleg og romma har namn etter det dei vart kalla før i tida. «Eldhuset», den gamle årestova frå 1600-talet er det mest spesielle rommet, - og perfekt for eit romantisk opphald. Her har mange generasjonar levd sine liv i glede og sorg, så her sit mykje historie i veggane.

Det gamle Reiskapshuset frå 1980-talet, vart bygd om og teke i bruk som hotell vinteren 2017. Her har me 9 moderne hotellrom i god storleik, alle innreda i same stil som resten av hotellet. Hjå oss skal du kjenna deg som heime, og me synes det er upersonleg at ei hotellrom berre har eit nummer. Difor har alle romma i Reiskapshuset namn etter fjella ikring oss her på Voss.

Restaurant Flor’n, med smaken av Voss!
I den gamle løa på Store Ringheim finn du Restaurant Flor’. Ein moderne a la carte restaurant med eit rustikk preg og ei heilt spesiell atmosfære. I Flor’n byr me på jordnære og rustikke måltid, laga av det beste av lokale og ureiste råvarer. Menyen er ikkje stor, men me har alltid eit utval av både kjøt & fisk - og sjølvsagt gode dessertar som prikken over i’en. Ope kvar dag i sommarsesongen og onsdag-laurdag året rundt.

Les meir om Flor`n her

Gardsmat & bærekraftig mat - frå åker til bord
Me er opptekne av bærekraft og lokal kortreist mat. På garden foredlar me kjøt og lagar mange produkt sjølve, basert på og utvikla frå gamle oppskrifter. På garden dyrkar me ein del grønsaker sjølve, me har jordbæråker, bærbusker og ein stor kjøkkenhage med både blomar og urter. Ute i naturen sanker me sopp, urter og bær. Mykje av det du finn på frukostbordet og i våre smakfulle rettar i restauranten, kjem frå vår eigen gardsmatproduksjon. Det me ikkje lagar eller sanker sjølve, kjem frå dyktige lokale produsentar som leverer den gode kvaliteten som me ynskjer å ha.

Selskapslokale, møter, kurs & konferanse
Unike lokale som byr på den perfekte råma for å feira ulike livshendingar eller gode samlingar. Me har lokale i ulike storleikar som høver til alt frå små intime selskap til større arrangement; Smalaflor’n, Flor’n, Tømmerstovo og hagestova ute på terrassen. På Store Ringheim kan du og leiga heile anlegget for ditt arrangement.

For booking og anna info kontakt Store Ringheim direkte.
Telefon: +47 954 06 135. Epost: booking@storeringheim.no
Store Ringheim Hotell

Fasilitetar og tenester

Beliggenhet
I nærleiken av fjell Nært naturen På landsbygda Fjellutsikt
Generell informasjon
Antall etasjar 2 Antall rom 15 Antall barar 1 Check-out (seinast) 12:00 24-timars innsjekking
Generelle fasilitetar
Kaffemaskin/vannkoker Gratis Wi-Fi Hårfønar Restaurant Enkeltseng TV Dobbelseng
Fritidsfasilitetar på området
Vandrestiar
Spesielle krav
Babyseng tilgjengeleg Barnevennleg Førarhund tillete Handikapvenleg Allergitilpassa Røykfritt
Parkering
Parkering for buss Utandørs parkering (gratis)

Kontaktinformasjon

Telefon booking
+47 95406135
Kontakt på e-post

Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg og kontakt oss på tlf 47 406 177 00 eller send ein e-post til info@visitvoss.no 




Bestill hos oss

Offisiell bookingside for Destinasjon Voss

Sikker betaling

Ingen bookingavgift

Raskt og enkelt

Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg og kontakt oss på tlf 47 406 177 00 eller send ein e-post til info@visitvoss.no 



Bestill hos oss

Offisiell bookingside for Destinasjon Voss

Sikker betaling

Ingen bookingavgift

Raskt og enkelt

Build: 11.04.2024 10:22:46, Host: CBONLINEBOTS01, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails