Guida MTB-tur frå Oppheim til Liaset - Outdoor Norway

Address: Evangervegen 14, 5700 Voss Dato: Laurdag 22 jun 2019 - laurdag 31 aug 2019 Vis kart

Address: Evangervegen 14, 5700 Voss

Bli med på ein flott stisykkeltur i eit fantastisk fjellområde!

Denne guida stisykkelturen går frå Oppheim til Liaset, og heilt ned til Voss sentrum. Ein travers-sti i eit nydeleg området, med utstikt til Lønahorgi i vest. Me syklar også oppom Skorseteggi på 972 moh på vegen.

Denne turen er perfekt for dei som er i god form, og som har erfaring med stisykling. Om du er middels erfaren, kan du gå av sykkelen på dei mest krevjande partia. På turen syklar me i krevande terreng på både stein og røtter, men også på sti. Du syklar på ein fulldempa stisykkel frå CUBE, og har med ein vennleg og lokalkjend guide som visar deg vegen.

Program:
1 - Check-in på basen (telt ved Vangsvatnet attmed kulturhuset og rett framføre Fleischer's Hotel)
2 - Få utstyr
3 - Rask oppvarming og tilpasning av syklane
4 - Shuttle-tur til Oppheim (35 min)
5 - Sykkeltur frå Oppheim til Liaset
6 - Sykkeltur ned til Voss sentrum og ned att til basen vår
7 - Levere inn utstyr
8 - Vaska syklane
9 - Me tek ein øl frå det lokale bryggeriet. Skål!

Detaljar om turen:
Timar på sykkelsetet: 6
Avstand: 28 km
Høgdemeter oppver: 1008
Høgdemeter nedover 1610
Høgste punkt: 972 moh
Varigheit på heile turen: 7

Avgangar i sommar:
Laurdag 22. juni
Laurdag 29. juni
Laurdag 13. juli
Laurdag 27. juli
Laurdag 17. august
Laurdag 31. august

Turane startar klokka 9.30

Pris:
Vaksen: 1350,-
Ungdom (mellom 14 og 17 år): 1215,-
Familie (2 vaksne og 2 ungdommar: 4617,-

Krav til deltakarar:
Må vera minst 14 år (med god erfaring frå stisykling)
Må vera i god fysisk form
Ver venleg å informera oss om medisinske tilstandar som astma, epilepsi, etc.

Møtestad:
Du finn teltet vårt attmed kulturhuset like ved Vangsvatnet, berre 100 meter frå gondolen og togstasjonen. Møt opp her ti minutt før turen skal starta.

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    1350 NOK vaksen
  • Prisinformasjon
    Vaksen: 1350 kr, Born (fødd etter 2001): 1215 kr
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 3 km
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski) og 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 3 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 3 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.