Guida MTB-tur i Bømoen - Outdoor Norway

Address: Evangervegen 14, 5700 Voss Dato: Fredag 7 jun 2019 - søndag 13 okt 2019 Vis kart

Address: Evangervegen 14, 5700 Voss

Utforsk stinettverket i Bømoen på sykkelsetet med guide!

Bømoen er eit flott frilufts- og skogsområdet med eit stort stinettverk. Her syklar me rundt i eit par timar, på fine flytstiar og grusvegar. Bømoen har stiar av alle vanskegradar, og passar derfor både for nybyrjarar og dei meir erfarne. Me skreddarsyr opplegget til nivået til dei påmelde.

Program:
1 - Check in ved basen vår
2 - Få utstyr
3 - Rask oppvarming og tilpasning av syklane
4 - Me syklar ut av Voss sentrum og til Bømoen (3 km)
5 - Me syklar i Bømoen
6 - Me syklar attende til Voss sentrum og basen vår
7 - Innlevering av utstyr
8 - Vasking av syklane
9 - Me tek ein kald ein. Skål!

Varigheit på turen:
Totalt 2,5 timar

Sesong:
8. mai til 13. oktober
Turar klokka 10:00 og 14:30 kvar dag

Prisar:
Vaksne: 900,-
Ungdom (fødd etter 2005: 810,-
Familie (2 vaksne og 2 ungdommar): 3240,-

Krav til deltakarar:
- Må vera over 14 år
- Må vera i god fysisk form
- Ver venleg å informera oss om medisinske tilstandar som astma, epilepsi, etc.

Dette er inkludert:
- Utstyr av topp kvalitet - Endurosykkel med fulldemping 140 mm
- Hjelm
- Hansker

Dette må du ta med deg:
- Komfortable klede å sykla med
- Snacks eller niste
- Drikke
- Ullundertøy om det er kaldt
- Vindtett jakke
- Solkrem og solbriller om det er sol

Møtestad:
Basen vår er eit telt som står like ved Vangsvatnet, attmed Kulturhuset, og rett framføre Fleischer's Hotel og Voss Gondol.

Møt opp her 10 minutt før turen din skal starta.

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    900 NOK vaksen
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 3 km
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski) og 100-500m frå skiheisen.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 3 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 3 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.