Guida tur til Breiskrednosi - Wild Voss

Address: 5747 Gudvangen Dato: Tysdag 23 jun 2020 - torsdag 15 okt 2020 Vis kart

Address: 5747 Gudvangen

Nærøyfjorden er ein av dei mest spektakulære fjordane i Noreg. Snøkvite fjell ruvar høgt over denne smale fjorden, og sender fossar av smeltevatn utfor dei bratte, høge stupa. Nede ved fjorden ligg vakre gårdar og små grender med fast busetting. Denne unike kombinasjonen av natur og kultur har gitt Nærøyfjorden plass på UNESCO si verdsarvliste. Frå Breiskrednosi får du nyte landskapet frå orkesterplass, 1189 meter over fjorden.

Nærøyfjorden er ein av dei mest spektakulære fjordane i Noreg. Snøkvite fjell ruvar høgt over denne smale fjorden, og sender fossar av smeltevatn utfor dei bratte, høge stupa. Nede ved fjorden ligg vakre gårdar og små grender med fast busetting. Denne unike kombinasjonen av natur og kultur har gitt Nærøyfjorden plass på UNESCO si verdsarvliste. Frå Breiskrednosi får du nyte landskapet frå orkesterplass, 1189 meter over fjorden.

Turdetaljar for Breiskrednosi frå Breidalen:
- Samla distanse: 16-17 km.
- Estimert tidsbruk: Om lag 8 timar på tur.
- Samla stigning: 1100 meter.
- Turgradering: Krevjande (sort). Nokre bratte bakkar. Terreng utan sti. Nokre snøfelt. Tidvis røft vêr.
- Familievenleg: Nei. Aldersgrense 12 år.
- Tilgjengelig med offentleg transport: Nei.

Turskildring
Etter ein liten times køyretur frå Voss ankommer vi Bakka ved Nærøyfjorden (Google kart). Vegen endar her, og vi finn parkering nær starten av Rimstigen. Vi følgjer Rimstigen i bratte slyng opp mot den vakre fossen i Tufteelvi. Etter kvart som vi vinn høgde, blir utsikta meir og meir storslagen. Ved 700 meters høgde flatar stien ut, da vi går inn i hengedalen mot Rimstigbotnen og Skarsbakkane. Kan hende passar det med ein pust i bakken her? Stien går vidare forbi Skarsvotni og over Rimstigfjellet før vi nærmar oss den ville toppen av Breiskrednosi. Heldigvis er den siste oppstiginga snillare enn ved første augekast.

På toppen av Breiskrednosi unnar vi oss ein god kvil og god mat medan vi beundrar den ugløymelege utsikta. Returen går same vegen tilbake.

Alternativ rute: Breidalen - Breiskrednosi over Vardane.

Denne turen startar høgare til fjells, og gjev litt færre høgdemeter. Ruta er ikkje like bratt, men går høgt til fjells. Etter ein times kjøretur frå Voss har vi passert gjennom den vakre Jordalen. Bilen parkerar vi nær stølen Breidalen, om lag 750 meter over havet. Her startar turen vår. Vi følger ein umerka sti austover mot vasskiljet mellom Jordalen og Nærøyfjorden. Her er frodig beitelandskap og flott fjellterreng. Vi vinn høgde mot Vardane, og fortsetter over Rimstigfjellet mot den stadig meir markerte toppen Breiskrednosi. Her er det ikkje uvanleg å sjå reinsdyr. Undervegs legg vi merke til korleis naturen endrar karakter. Frå dei avrunda fjella i Jordalen til eit forrevent fjordlandskap.

Val av rute heng saman med gruppas ønsker og dei rådande vêr og føretilhøve.

Kvifor bli med?
Dette fjellområdet er vilt og vakkert, med natur som i stor grad er inntakt og utan inngrep. På vegen over fjellet passerer vi gamle fangstanlegg for reinsdyrjakt. Utsikta frå Breiskrednosi vil du hugse lenge.

Sesong:
Daglege turar i perioden 23. juni - 15.oktober

Krav til deltakarar:
Dette er ein lang vandretur i flott høgfjellsterreng. Vêret kan bli friskt, og snøbyger er ikkje uvanleg sjølv midt på sommaren. Du bør vere i nokonlunde god turform og ha gått turar utanfor stiar i høgfjellet før. Turen er ikkje teknisk krevjande. Breiskrednosi har eit luftig stup, men du velgjer sjølv om du vil stå ytst på kanten.

Naudsynte klede og utstyr:
- Gode sko eller støvlar til vandring i fjellet.
- Vind- og vasstette klede (skalklede).
- Liten ryggsekk (ca 20 liter).
- Ei ekstra t-skjorte.
- Ekstra genser og/eller lett fleecejakke.
- Solbrillar og solkrem.
- Vandrestavar er ein god idé.
- Lue eller caps, vottar.
- Drikkeflaske og litt tursnacks.

​Praktiske detaljar:
Oppmøte på guidekontoret vårt i andre etasje på Tre Brør Kafé kl 8.30. Du kan og møte guiden ved parkeringsplassen i Breidalen. ​​Vi er attende på Voss omkring kl 19.30

​​Prisar og vilkår:
Prisen er kr 1890 per person. Atterhald om tilgjengelege guidar i høgsesongen. Det er minimum 24 timars førehandsbestilling, ta kontakt direkte med Wild Voss for siste-liten forespørsel.

Gruppestorleik:
1-8 deltakarar.

​Inkludert i prisen:
- Følge av ein kompetent guide på heile turen.
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.
- Alt naudsynt tryggleiksutstyr.
- Tilgang til å låne ekstra klede og vandrestavar kostnadsfritt ved behov.

Ikkje inkludert i prisen:
- Tog eller annan reisemåte til Voss.

​Korleis finne fram?
Frå Voss, følg E16 i retning Gudvangen. Etter om lag 40 minutt (37 km), ta av til venstre mot Jordalen (skilt). Frå Gudvangen, følg E16 retning Voss i om lag 8 km. Ta av til høgre mot Jordalen (skilt).

​Like etter avkøyring frå E16, ta til venstre. Etter 100 meter, ta til høgre. Følg tunnelen opp i Jordalen og køyr innover dalen forbi garden Nåsi. Frå Nåsi, følg grusvegen om lag 3,5 km til du får hyttene ved Breidalen nedom vegen. Ta omsyn til beitedyr og lukk att grinder. Parker slik at du ikkje blokker vegen. Hugs å betale vegavgift med kr 50 (kun kontant) ved brua. Samla køyretid frå Voss: om lag ein time.

Tiltak i høve koronaviruset (Covid-19)
Etter pålegg frå nasjonale og lokale styresmakter har vi gjort grundige risikoanalysar av all vår aktivitet med tanke på smittespreiing og smittevern. Vi har laga ei eiga nettside der du finn detaljert risikoanalyse og oppdaterte kjøps- og avtalevilkår.

For alle våre aktivitetar gjeld følgande:

-Deltakarar må være friske og utan symptom på forkjølelse eller luftveisinfeksjon.
- Maksimal gruppestorleik er 5 personar, inkludert guiden.
- Deltakarar må køyre eigen bil til startstaden eller ordne transport sjølv.
- Deltakarar må ikkje være omfatta av gjeldande karantenereglar.
- Personar med samfunnskritiske oppgåver må sjølv vurdere si eiga deltaking.
- Deltakarar må sørgje for god handhygiene før, under og etter arrangementet.
- Deltakarar må halde minst 1 meters avstand til andre deltakarar når det er mogeleg.
- Vi stiller handsprit til disposisjon og gjennomfører handdesinfeksjon ved starten av kvar aktivitet.

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    1890 NOK per person
  • Prisinformasjon
    Vaksen: 1890 kr
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 33,8 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Hotell

Myrkdalen Hotel

Avstand: 18,9 km
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på fjellturar i alle utgåver, sykkelstiar, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 33,8 km
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved resepsjon, og 100-500m frå skiheisen.
Build: 22.05.2020 22:37:54, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails