Guida tur til Kiellandbu - Wild Voss

Address: Skjerpestunet 8, 5710 Skulestadmo Dato: Onsdag 16 sep 2020 - laurdag 20 feb 2021 Vis kart

Address: Skjerpestunet 8, 5710 Skulestadmo

Bli med til den vakre hytta på kanten av stupet - ein familievenleg tur i magisk fjordlandskap!

For å bestilla:
Kontakt Øystein i Wild Voss på +47 93484041 eller send ein epost til [email protected]

Kiellandbu turdetaljar:
- Samla distanse: Om lag 12 km.
- Estimert tidsbruk: Om lag 6 timar frå bil til bil.
- Samla stigning: 350 meter.
- Turgradering: Lett (grøn).
- Familievenleg: Ja, for born som har fylt sju år.

Vår vandring byrjar ved den gamle kraftstasjonen på Hodnaberg ved Hamlagrøvatnet. Det inneber at me i er i fjellterreng heilt frå starten av. Me følger først ein grusveg sørover medan me vinn høgde. Deretter tek me av inn på ein T-merkt sti, som delar seg ved Kvålsdalstjørni. Her kryssar me den krystallklare elva på ei flott hengebru, før me held fram sørover mot Hardingaskaret. Me går nå på ei gamal handelsrute. Vår sti tek av skrått oppover mot Sveindalseggi, og syner eit stadig villare landskap kring oss. Etter eit flatare parti kjem me til Kiellandbu, som er vårt mål for dagen. Her nyt me vår velsmakande lunsj laga av lokalproduserte matrettar, medan me beundrar den strålande utsikta.

På heimvegen følger me anten den same stien tilbake, eller legg spora våre over Sveindalsnuten (1065) for å få enda betre utsikt. Kanskje me kan freiste med eit friskt bad i eit kjølig fjellvatn på vegen tilbake?

Sesong:
Daglege turar i perioden 10.juni til 20.oktober

Kvifor bli med?
Kiellandbu er ei perle. Hytta er lett å gå til, her er lite folk, terrenget er variert og vakkert, og utsynet frå hytta er fantastisk. Me følger ei flott elv store delar av turen, med levande kulturlandskap, vakre blomar og beitedyr like ved stien.

Praktiske detaljar:
Vi møtast på vårt kontor i andre etasje på Tre Brør Kafé kl 9.30. Her blir det ein kort presentasjonsrunde og gjennomgang av bekledning og utstyr før vi køyrer til Hodnaberg.

Me er attende på Voss kring kl 17.00.

Krav til deltakarar:
Denne turen går i all hovudsak i lettgått fjellterreng på T-merkt sti. Det er ein fordel om du har gått nokre turar i fjellet før, men det er ikkje eit krav. Du er i normal fysisk form og føler deg frisk.

Naudsynte klær og utstyr - på turen treng du dette:
- Gode sko eller støvlar til vandring i fjellet.
- Vind- og vasstette klede (skalklede).
- Liten ryggsekk (ca 20 liter).
- Ei ekstra t-skjorte.
- Ekstra genser eller lett fleecejakke.
- Solbrillar og solkrem.
- Vandrestavar er ein god idé.
- Lue eller caps.
- Drikkeflaske og litt tursnacks.
- Ta gjerne med badetøy og handkle til returen.

Prisar og vilkår
Prisen for vaksne er kr 1590 per person. Pris for born mellom 7 år og 14 år er kr 990 per person. Nedre aldersgrense er 7 år. Merk at det er minimum 24 timars førehandsbestilling. Ta gjerne kontakt med oss ved siste-liten forespurnader.


Gruppestorleik:
1-10 deltakarar.

Inkludert i prisen:
- Følge av ein kompetent guide på heile turen.
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.
- Alt naudsynt tryggleiksutstyr.
- Dagsbesøk på den ubetjente DNT-hytta Kiellandsbu.
- Tilgang til å låne ekstra klede og vandrestavar kostnadsfritt ved behov.

Ikkje inkludert i prisen:
- Tog eller annan reisemåte til Voss.
- Biltransport strekninga - Voss - Hodnaberg

Har du spørsmål om turen?
Kontakt Øystein i Wild Voss på +47 93484041 eller send ein epost til [email protected] .

Tiltak i høve koronaviruset (Covid-19)

Etter pålegg frå nasjonale og lokale styresmakter har vi gjort grundige risikoanalysar av all vår aktivitet med tanke på smittespreiing og smittevern. Vi har laga ei eiga nettside der du finn detaljert risikoanalyse og oppdaterte kjøps- og avtalevilkår.

For alle våre aktivitetar gjeld følgande:

Deltakarar må være friske og utan symptom på forkjølelse eller luftveisinfeksjon.
- Maksimal gruppestorleik er 5 personar, inkludert guiden.
- Deltakarar må køyre eigen bil til startstaden eller ordne transport sjølv.
- Deltakarar må ikkje være omfatta av gjeldande karantenereglar.
- Personar med samfunnskritiske oppgåver må sjølv vurdere si eiga deltaking.
- Deltakarar må sørgje for god handhygiene før, under og etter arrangementet.
- Deltakarar må halde minst 1 meters avstand til andre deltakarar når det er mogeleg.
- Vi stiller handsprit til disposisjon og gjennomfører handdesinfeksjon ved starten av kvar aktivitet.

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
18 Sep
Fredag 18 sep 2020 09:30 - 17:00
19 Sep
Laurdag 19 sep 2020 09:30 - 17:00
20 Sep
Søndag 20 sep 2020 09:30 - 17:00
21 Sep
Måndag 21 sep 2020 09:30 - 17:00

Om denne aktiviteten

Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 27,9 km
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.
Vandrarheim og pensjonat

Voss Vandrarheim - 4-sengsrom med dusj og toalett inkl. frukost

Avstand: 26,2 km
Ligg vakkert med eige strand 800 m frå Voss stasjon. Standardrom med 4 senger, kan bookes til 1-4 personer. Prisen inkluderer sengetøy og frukostservering. Alle rom har dusj og toalett. Barn frå 0-3 år går gratis. For andre typer rom, ta kontakt direkte.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 29,5 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg over resepsjonen, 100-500m frå skiheisen.
Build: 28.08.2020 17:01:56, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails