Stjernekikking og trugetur - Wild Voss

Address: 5700 Voss Dato: Tysdag 17 des 2019 - tysdag 21 apr 2020 Vis kart

Address: 5700 Voss

Bli med på ein guida trugetur i Vossafjella på kveldstid.

Truger gjer det mogleg å vandra lettvint gjennom djupsnøen og nyta vinterlandskapet. Bli med Wild Voss sin guide på ein rundtur på toppen av Hanguren, like utanfor Voss Resort sine skiløyper. Når me går av stolheisen, er me midt i eit flott fjellterreng med glimdrande utsikt over Voss og fjella omkring! Medan sola går ned og stjernane kikkar fram lagar me leirbål og nyter den unike kjensla av å vera på tur i vintermørket.

Turbeskriving:
På denne korte og relativt enkle turen kan du nyta vinterstemninga i fjellet, høgt over Voss. Fjella i dette området får mykje snø om vinteren. Her har du moglegheita til å gleda deg over all denne herlege snøen, utan ski på beina. Skianlegget Voss Resort ligg rett utanfor Voss, og har kveldskøyring tre kvelder i veka. Me nyttar oss av dette glimdrande tilbodet og tek ein rundtur på truger utanfor heisanlegget.

Møt guiden din utanfor billettluka i Voss Resort. Guiden går gjennom klede og utstyr, og sørgjer for at alle er godt utstyr og klare for ein trugetur til fjells. Vår guide utstyrer deg md ekstra klede og varmt fottøy ved behov. Me brukar stolheisen til å nå startplassen for trugeturen, på toppen av Hanguren. Her oppe er det ofte sur vind, så du set fort pris på dei gode og varme kleda.

Når me forlet heisområrdet skrur me på hovudlyktane våre og lagar våre eigne sppr i djupsnøen. På våre trugeturar vil guiden gjerne hjelpa deg til å få auka kunnskap om vinterfriluftsliv. Kanskje du vil læra å fyra bål med éin fyrstikk? Eller tilbereda enkel mat på bålet? Guiden fortel gjerne om naturen og nærområdet som me ferdast i, og vil sjølvsagt sjå til at du held varmen undervegs.

I sekken har guiden med seg lokalprodusert mat som vert laga på leirbålet. Bålkjelen sørgjer for varm drikke til alle. Om været er dårleg, går me saman og byggjer eit improvisert ly for nedbør og vind. Du vil raskt oppdaga at tida ved bålet gjev deg anledning til å nyta stillheita i skogen - langt frå kvardagen.

Me returnerer til heisanlegget før stengetid og tek stolheisen ned til startplassen vår. Heisturen ned er både luftig og morosam!

Praktiske detaljar:
Møt opp utanfor billettluka i Voss Resort Bavallen klokka 15.30. Det er fordelaktig å ha eigen privatbil. Parkering er gratis. Eit alternativ er å bestilla taxi frå Voss Taxi (tlf. 56 51 13 40). Me hjelper deg gjerne med å organisera transport.

For din sikkerheit og komfort tilbyr me fylgjande utstyr utan ekstra kostnad:
- Varme vinterstøvler med høg kvalitet
- Ullklede som vottar, lue, ullhenser, ullhals og ullsokkar
- Hovudlykt
Du står fritt til å bruka eigne klede og sko på turen, så lenge guiden vurderer dei som gode nok.

Krav til deltakarar:
Dette er ein enkel, kort og familievenleg tur. Turen passar for friske deltakarar som har lyst til å tilbringa litt tid ute i vinterfjellet. Turen går i fjellterreng, så vêret kan vera surt og kaldt. Du treng ingen tidlegare erfaring frå trugeturar eller turar i vinterfjellet. Returen med stolheisen kan opplevast som luftig for dei som har høgdeskrekk.

På turen treng du fylgjande klede:
- Langt ullundertøy
- Varme ullsokkar
- Vind- og vanntette klede (skallklede)
- Lue
- Hanskar eller vottar

Priser og vilkår:
Prisen for vaksne er 1350,- per person. Prisen for born mellom 8 og 14 år er 890,- per person. Nedre aldersgrense er 8 år. Prisen for familie er 4550,- og inkluderer 2 vaksne (frå 15 år og oppover) og inntil 3 born (8-14 år). Prisen for familie exclusive er 5150,- og inkluderer 2 vaksne og opptil 3 born og heilt eigen guide aleine.

Storleik på gruppene:
1-12 deltakarar.

Inkludert i prisen:
- Fylgje av ein erfaren guide på heile turen
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke - laga på leirbålet
- Truger og skistavar
- Varme støvlar (ved behov)
- Ubegrensa tilgang til ekstra varme klede, til dømes vottar, lue, ullgenser, ullhals og ullsokker
- Alt naudsynt sikkerheitsutstyr
- Heiskort
- Hovudlykt

Ikkje inkludert i prisen:
Transporttenester. Me kan hjelpa til med å organisera transport ved behov. Ekstra kostnadar vil påløpa.

Litt om ansvarleg turisme og berekraft:
Wild Voss jobbar kontinuerleg med å minska det økologiske fotavtrykket til turane og aktivitetane våre. Me fylgjer dei oppdaterte GSTC-kriteria for ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av våre turar kan du vera trygg på fylgjande;
- Me ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».
- Me benytter utslippsfri infrastruktur når det er mogleg
- Våre turar går til fots, på truger eller på ski. Vår ferd i naturen bidrar ikkje til auka klimagassutslipp, og medfører minimale konsekvenser for økosystema rundt oss.
- Guiden din deler sin kunnskap om lokal natur, kultur og stadene me besøkjer
- Me støtter ansvarlege lokale bedrifter
- Guiden din vil framsnakka varsom og naturvenleg ferdsle og auka bevisstheita di om lokalt dyre- og planteliv
- Me følgjer lover og reglar for ferdsle i fri natur og i kulturlandskap
- Me jobbar for å minimera avfall, og velgjer derfor produkt og emballasje med lang levetid.​

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    1350 NOK Vaksen
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 2,4 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 2,4 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 2,4 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.