Klatretur på austpillaren til Lønahorgi - ein alpin bestiging

Dato: Onsdag 7 aug 2019 - tysdag 1 okt 2019 Vis kart

Ein krevjande, unik og flott klatretur til toppen av Lønahorgi!

Dette er den brattaste og mest direkte ruta til topps, og følger formasjonen som vi kallar austpillaren på Lønahorgi.

Turen startar på sti opp til Årdalen. Så snart vi kjem oss opp i sjølve Årdalen, tek vi sikte på den markerte pillaren som leder opp mot toppryggen til Lønahorgi. Vi kryssar nokre elvar og frodige beiteområder, før terrenget reiser seg og går over til klipper og bart fjell. Her tek vi på oss klatreselar, hjelmer og binder oss inn i klatretau. Ruta vi følger er relativt lett, og byr på om lag 5 taulengder (om lag 250 meter) klatring. Guiden din tek leiinga og sørger for sikkert handverk og gode ruteval undervegs. Klatringa går i fjell med god steinkvalitet, og i omgjevnader som er mildt sagt spektakulære.

På toppen av klatreruta kan vi halde fram til fots utan tau. Det er framleis eit stykke att til topps. Ryggen er nokså lett å gå, men det vil vanlegvis ligge att nokre snøfonner. Vel oppe på toppen, nyt vi ein kvil og beundrar utsikta.

Returen går anten ved å følge ryggen nordover mot Svartahorgi og ned i Årdalen, eller ved å følge grusvegen sørover mot Voss Resort. Det er og mogeleg å rappellere ned austpillaren (5 rappellar) - ein flott snarveg! Gratulerer - du har no gjort ei alpin bestiging av Horgi!

​Turdetaljar for Klatretur på austpillaren:
- Samla distanse: 15-17 km.
- Estimert tidsbruk: Om lag 8-10 timar frå bil til bil.
- Samla stigning: 1300 meter.
- Turgradering: Krevjande (sort). Klatring opp til grad 4+.
- Familievenleg: Nei. Aldersgrense 15 år.
- Tilgjengelig med offentleg transport: Ja.

Sesong:
Kan tingast kvar dag i perioden 15.juni til 1.oktober.

Kvifor bli med?
Du finn ingen andre klatreruter til toppar i Vossafjella. Dette er ein krevjande, unik og flott klatretur i variert terreng. I starten følger vi vakre fossar, beiteområder og åpen furuskog. Klatringa følger ei naturleg linje på den spektakulære austpillaren.

Klatringa er aldri vanskeleg, men er ei flott og luftig rute til topps. Turen passer for dei som ønsker ei bratt utfordring i flotte omgjevnader.

Praktiske detaljar:
​Vi møtast på kontoret vårt i andre etasje på Tre Brør Kafé kl 8.30. Derifrå køyrer vi bil til Staup.

Vi er attende på Voss kring kl 19.00.

Krav til deltakarar:
Dette er ein krevjande tur i bratt fjellterreng. Du må ha vore på ei rekkje krevande fjellturar tidligare, og vere i god fysisk form.

Naudsynte klær og utstyr til turen:
- Gode sko eller støvlar til vandring i fjellet.
- Vind- og vasstette klede (skalklede).
- Liten ryggsekk (ca 20 liter).
- Ei ekstra t-skjorte.
- Ekstra genser eller lett fleecejakke.
- Solbrillar og solkrem.
- Vandrestavar (teleskop) er ein god idé.
- Lue eller caps.
- Drikkeflaske og solid niste.
- Klatresele, klatresko, hjelm, taubrems og 3 skrukarabinarar. Du må sjølv ha klatresko, men anna klatreutstyr får du låne utan ekstra kostnad.

Prisar og vilkår
Prisen er kr 2500 + kr 1500 per person. Denne turen er tilgjengeleg på forespurnad. Send oss gjerne ein epost for meir informasjon og for reservasjon.

Gruppestorleik: 1-2 deltakarar.

Inkludert i prisen:
- Følge av ein kompetent guide på heile turen.
- Alt naudsynt tryggleiksutstyr.
- Leige av klatreutstyr (unntatt sko).
- Tilgang til å låne ekstra klede og vandrestavar kostnadsfritt ved behov.
- Transport til og frå Voss med privatbil.

​Korleis finne fram til Staup?
Frå Voss, følg E16 nordover til Løno, om lag 9 km. Ved avkøyringa til Smalahovetunet, ta av til venstre og følg den bratte grusvegen opp til parkeringsplassen ved det flotte gardstunet Staup.

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
21 Aug
Onsdag 21 aug 2019 08:30 - 19:00
22 Aug
Torsdag 22 aug 2019 08:30 - 19:00
23 Aug
Fredag 23 aug 2019 08:30 - 19:00
24 Aug
Laurdag 24 aug 2019 08:30 - 19:00

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    2500 NOK per person
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 5,3 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 5,3 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 5,3 km
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski) og 100-500m frå skiheisen.